Stavanger kommune lanserer nå ei støtteordning for kjøp av elsyklar. Ordninga er kjent frå før, men det er først nå det går an å søkje på eit støttebeløp på inntil 5.000 kroner. – Dei som får støtte får også ein sykkellås frå Kolumbus med på kjøpet, seier Imme Dirks Eskeland, rådgjevar i klima- og miljøavdelinga i Stavanger kommune. Informasjon om ordninga er å finne på Stavanger kommune sine nettsider.