tirsdag, mai 30, 2023
HjemNyheterVi mangler tillit til kunstig intelligens

Vi mangler tillit til kunstig intelligens

Vi mangler tillit til kunstig intelligens


Eg frykter ikkje at kunstig intelligens skal ta over verda. Eg frykter at vi ikkje nytter oss av den på ein god måte. På same måte som naturen i dag er sett på som eit fellesgode kor foredling av den går tilbake til fellesskapet, kan informasjon om oss betraktast på same vis.

I det siste har kunstig intelligens blitt kjempesynleg i samfunnsdebatten. ChatGPT representerer eit stort hopp framover for kunstig intelligens og den har starta eit nytt teknologisk kappløp.

Elon Musk med fleire har signert eit ope brev om å stoppe utviklinga.

Bjørn Christian Weinbach er stipendiat ved Vestlandsforsking, Sogndal. Foto: Ihne Pedersen


Ein fryktar at kunstig intelligens skal bli så god til å gjere jobbane våre at den kan rettferdiggjere driftskostnaden sin og konkurrere med nesten all menneskeleg arbeidskraft.

Kunstig intelligens er kjenneteikna ved si evne til å lære frå informasjon. For å bli betre, treng den informasjon frå kvardagen vår og straumkrevjande datakraft. Både offentleg og privat sektor er i full sving med å ta i bruk kunstig intelligens.

Potensialet for positiv samfunnsnytte og innsparingar er enormt.

Les også: Er du redd for kunstig intelligens?

Kunstig intelligens kan til dømes automatisere deler av saksbehandling av stort volum og redusere arbeidstrykket for dei tilsette. Slike kunstige intelligensar nyttar informasjon om tidlegare eksempel for å bli gode i jobben sin.

Desse systema er så viktige at vi bør sikre openheit om korleis dei fungerer og legge til rette for allment innsyn og medbestemming, altså demokratisere kunstig intelligens.

Kunstig intelligens har eit potensial for å gli inn i beslutningstakinga og bli ein del av arbeidsstokken på linje med vanlege arbeidstakarar.

Kunstig intelligens er så viktig at debatten som har pågått er veldig berettiga.

Les også: Kunstig intelligens viser seg å være minst like pill råtten som de verste eksemplarene av oss selv

Denne debatten må ta opp viktige spørsmål knytta til både ressursbruk og tillit til kunstig intelligens. Om vi skal få ein effektiv økonomi der informasjon om oss flyt og blir foredla, treng folk å få tillit til kunstig intelligens.

Tilliten heng saman med å forstå korleis kunstig intelligens faktisk fungerar.

Fleire vil nok sjå meir positivt på å dele sine eigne data til trening av nyttige kunstige intelligensar viss dei får vite meir om kva datadelinga kan gje av betre tenester og større effektivitet.

Klikk her for å abonnere på nyhetsbrev fra Norsk debatt

Det har altså stor verdi å la folk vite meir om korleis systema fungerer og er skapte. Når samfunnet i felleskap kjenner til ressursbruken, utviklinga, funksjonen og alle sit att med ein følelse av å få att for bidrag, vil det stimulere til flyt av informasjon som kan foredlast av kunstig intelligens.

Ved å ha openheit om kunstig intelligens, kan vi auke den allmenne deltakinga i utviklinga. Det sikrar at utviklinga skjer etter dei behova samfunnet som heilheit har.

Les hele saken
Author:

RELATED ARTICLES
- Advertisment -

Most Popular

Recent Comments