fredag, september 30, 2022
HjemNyheterSportTrekkjer seg som sponsor om Russland får delta

Trekkjer seg som sponsor om Russland får delta


Coop, ein av hovudsponsorane til Det internasjonale Skiforbundet (FIS), seier at dei trekkjer seg ut om FIS opnar for russisk deltaking kommande sesong.
Det var torsdag det blei kjent at FIS-topp Michelle Vion opnar for ein retur for russiske og belarusiske utøvarar i verdscupen denne vinteren.
Det liker Coops kommunikasjonsdirektør Bjørn Takle Friis svært dårleg. Han er klar i talen i eit intervju med Adresseavisen:
Coop er storsponsor for verdscupen i langrenn.
– Vi forventar at FIS snarast mogeleg avkreftar at det er aktuelt, seier Takle Friis til Adresseavisen.
– Vi trur nesten ikkje at fråsegnene er sanne, seier Takle Riis,
Han bekreftar at dei har vore i direkte kontakt med FIS om saka. Dersom dei ikkje blir lytta til, blir det umogeleg for dei å halde fram som sponsor
– Vi har snakka med FIS og sagt kva vi meiner. Det er helt uaktuelt å akseptere dette, og dersom vi ikkje blir høyrt, betyr det at vi ikkje kan halde fram som sponsor, seier Bjørn Takle Friis.

Les mer

RELATED ARTICLES

Legg inn en kommentar

- Advertisment -

Most Popular

Recent Comments