lørdag, oktober 1, 2022
HjemNyheterSport– Overraska om Ødegaard ikkje spelar

– Overraska om Ødegaard ikkje spelar


Landslagssjef Ståle Solbakken gjekk fredag kveld langt i å friskmelde Martin Ødegaard til bortekampen i nasjonsligaen mot Slovenia.
Landslagskapteinen rakk den siste treninga i Noreg og den eine i Slovenia etter skaden som sette han utanfor siste Arsenal-kamp før landslagspausen.
– Han gjennomførte det han skulle og det vi hadde planlagt, og så må vi sjå om det kjem ein reaksjon. Det er noko ein alltid ventar på for å vere på den sikre sida, men eg blir overraska om han ikkje er på bana frå start eller i løpet av kampen, sa Solbakken.
Han roste samarbeidet med Arsenal. Han lét Ødegaard bli i London dei første dagane av landslagssamlinga, men etter at undersøkingar viste at skaden ikkje er alvorleg, slutta midtbanespelaren seg til troppen i Oslo.

Les mer

RELATED ARTICLES

Legg inn en kommentar

- Advertisment -

Most Popular

Recent Comments