torsdag, september 29, 2022
HjemNyheterSportKonkurrerer mot Tyskland og Kasakhstan

Konkurrerer mot Tyskland og Kasakhstan


Noreg har søkt om ishockey-VM i 2027. Tyskland og Kasakhstan er dei to andre landa Noreg kjempar mot.
Det internasjonale ishockeyforbundet (IIHF) opplyste fredag overfor ishockeynettstaden nitten.no at dei har fått og godkjent tre søknader om å få arrangere VM i 2027.
Meisterskapen, som har eit budsjett på over 250 millionar kroner, blir spelte anten i Noreg, Tyskland eller Kasakhstan med potensiell VM-finale i Telenor Arena.
Tyskland arrangerte VM sist i 2017, og då saman med Frankrike, medan Köln og Mannheim var vertsbyar i 2010. Kasakhstan har aldri tidlegare arrangert eit elite-VM, men hadde VM, 1. divisjon for tre år sidan.
Dersom Noreg blir tildelt VM om fire og eit halvt år, blir det tredje gong meisterskapen blir arrangert her i landet etter turneringane i Oslo i 1958 og Oslo, Lillehammer og Hamar i 1999.
Planen i 2027 er å fordele kampane mellom Telenor Arena i Bærum med dei 14.000 sitjeplassane sine og Trondheim Spektrum med plass til 8600 tilskodarar.
Kven som får meisterskapen i 2027, blir bestemd av IIHF under VM i Finland og Latvia i mai neste år.

Les mer

RELATED ARTICLES

Legg inn en kommentar

- Advertisment -

Most Popular

Recent Comments