onsdag, august 17, 2022
HjemLokale nyheterRogalandBensinpris på 20 kroner fleire stadar

Bensinpris på 20 kroner fleire stadar


Etter gårsdagens oljeprisfall kostar ein liter bensin eller diesel no 20 kroner fleire stadar i landet.
Den lågaste diesel- og bensinprisen i landet er no på 19,99, ifølge Drivstoffappen. Fleire bensinstasjonar på Hønefoss tilbyr denne prisen.
På Austlandet ligg prisen på rundt 20 kroner, medan elles i landet ligg den på mellom 21–23 kroner.
På eitt år har drivstoffprisane auka med rundt 10 kroner per liter, noko som svarar til ein auke på over 60 prosent. Krigen i Ukraina har ført til at drivstoffprisane har skote til vêrs, både i Noreg og internasjonalt.
Oljeprisen fall i går med over 8 dollar etter tal som viser at det blir mindre behov for olje i industrien i USA, Europa og Kina. No er den på 99 dollar fatet.
Oljeprisen var på sitt høgste i mars, med rundt 130 dollar fatet.

Les mer

RELATED ARTICLES

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

- Advertisment -

Most Popular

Recent Comments