Politiet har teke førarkortet til den eine bilføraren som kolliderte ved Kongeparken i Gjesdal. Det er store materielle skader på den eine bilen, og føraren er køyrd til legevakt for sjekk. Ifølge politiet er årsaka til ulukka at den eine føraren ikkje heldt vikeplikta.