torsdag, august 11, 2022
HjemNyheterSportBrukte 67 mill. til å dekke over overgrep

Brukte 67 mill. til å dekke over overgrep


Det kanadiske ishockeyforbundet har vedgått at dei har brukt 67 millionar kroner på å dekke over 21 seksuelle overgrep sidan 1989, skriv Time.
Opplysingane om pengane kom fram i ei parlamentarisk høyring onsdag. Høyringa var utløyst av ei sak frå 2018.
Det året vann Canada junior-VM. Nokre månader seinare var gullaget med i eit velgjerdsarrangement, og fleire – opptil åtte, ifølgje skuldingane – av spelarane skal ha valdteke kvinna.
Ho saksøkte ishockeyforbundet for 27 millionar kroner, og inngjekk seinare forlik. Det er ikkje kjent kor mykje forliket kosta forbundet. Namna på spelarane er heller ikkje kjende, og ingen blei suspenderte.
Men fleire av spelarane på laget har gått ut i sosiale medium og sagt at dei ikkje var med.
Saka har vekt raseri i den hockeyglade nasjonen, og raseriet blei ikkje mindre då det blei kjent at det meste av pengane var tekne frå eit fond som var finansiert av medlemsavgifter for unge spelarar.
Saka kom for ein dag gjennom tv-kanalen TSN i vår, og har sidan ført til internutgreiingar, politimeldingar og sponsorflukt, skriv Expressen.
– Hockey Canada må gjere mykje for å ville tilbake tilliten frå kanadiarane, sa statsminister Justin Trudeau i førre veke.
Ishockeypresident Scott Smith har likevel ingen planar om å trekkje seg.
– Eg er budd på å ta ansvar for å endre sporten, seier han.
Canadas landslagsspelar Marie-Philip Poulin skreiv til Smith og andre hockeyleiarar på vegner av kvinnelandslaget.
– Kanskje er det på tide å også ha kvinner sitjande rundt bordet, foreslo ho.

Les mer

RELATED ARTICLES

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

- Advertisment -

Most Popular

Recent Comments