torsdag, august 11, 2022
HjemNyheterSportTre ryttarar hoppar av Touren

Tre ryttarar hoppar av Touren


Før den sjette etappen i Tour de France har tre ryttarar valt å trekkje seg frå rittet på grunn av velt på onsdagsetappen.
Dei tre ryttarane er Michael Gogl (Alpecin-Deceuninck), Daniel Oss (TotalEnergies) og Jack Haig (Bahrain Victorious).
Gogl og Oss kolliderte på eit brusteinsparti undervegs i etappen, og klarte ikkje å fullføre.
På Twitter opplyser Alpecin-Deceuninck at Gogl pådrog seg brot i både bekkenet og kragebeinet etter eit ublidt møte med ein tilskodar.
TotalEnergies opplyste på Twitter at Oss pådrog seg eit brot på ein nakkevirvel.
Haig fall i bakken i eit velt med fleire ryttarar med 30 kilometer igjen. Bahrain Victorious stadfestar på sine eigne nettsider at Haig må bryte Touren etter skadane han pådrog seg i velten.

Les mer

RELATED ARTICLES

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

- Advertisment -

Most Popular

Recent Comments