mandag, juli 4, 2022
HjemNyheterSportSkøyteløpar Jonny Nilson er død

Skøyteløpar Jonny Nilson er død


Den svenske skøyteløparen Jonny Nilson er død. Gullvinnaren frå 10.000 meter i OL i Innsbruck i 1964 vart 79 år gammal.
Det melder det svenske nyheitsbyrået TT onsdag.
Etter å ha slått gjennom med siger på 10.000 m i VM i 1962, vann han VM på skøyter i Karuizawa i 1963, og øydela det som skulle bli punktum for tidenes norske suksess-sesong. I VM sette han verdsrekord både på 5000 meter, 10.000 meter og samanlagt, alle rekordar han tok frå norske løparar.
To år seinare vann han både 5000 meter og 10.000 meter under VM i Oslo, men blei berre nummer 4 samanlagt. I 1966 tok han bronse i VM.
– Då var motivasjonen borte. Eg hadde så mange andre interesser, sa han i eit intervju med NRK 50 år etter triumfen i Japan.
Etter at han hadde lagt opp som aktiv, kom han i 1972 itilbake til skøytesporten som hovudmannen bak proffiligaen, ein liga som lokka dei beste løparane til proffkontrakter, men som varte berre i to sesongar.
Nilsson jobba det meste av livet som eigedomsmeklar i Göteborg.
I 2017 vart han ramma av prostatakreft.

Les mer

RELATED ARTICLES

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

- Advertisment -

Most Popular

Recent Comments