torsdag, juni 30, 2022
HjemNyheterSportTsjekkisk siger trass kjedesvikt

Tsjekkisk siger trass kjedesvikt


Tsjekkiske Jan Hirt tok ein sterk seier på den 16. etappen av Giro d’Italia. På det siste fjellet blei rittleiar Richard Caparaz sett under kraftig press.
Etappen på 202 kilometer frå Salò til Aprica blei innhaldsrik og svært underhaldande. På den siste stigninga blei det kjempa på to frontar, både om etappesigeren og sammenlagtleiinga.
Til slutt var tsjekkiske Hirt den sterkaste. Han hadde den nederlandske ungguten Thymen Arensman nærmast seg på målstreken. Hirt har vore i brot fleire gonger i årets ritt, utan å bli løna med seier.
– Det blei vanskelege stunder undervegs. I den siste bakken bytte ikkje sykkelen min gir som han skulle. Kjedet hoppa, men eg ville så gjerne vinne, sa Hirt etter sigeren.
Carapaz held den rosa leiartrøya. Men forspranget til Hindley er no på berre sju sekund etter at australiaren tok fire bonussekund i målgangen. Carapaz fekk to.

Les mer

RELATED ARTICLES

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

- Advertisment -

Most Popular

Recent Comments