torsdag, juni 30, 2022
HjemNyheterSportEvenpoel vann opninga av Tour of Norway

Evenpoel vann opninga av Tour of Norway


Superstjerna Remco Evenepoel var best i avsluttinga og tok sigeren på opningsetappen av sykkelrittet Tour of Norway framfor Tobias Halland Johannessen.
Den 174 kilometer lange etappen frå Bergen til Voss blei avslutta med ein to kilometer lang og tøff bakke. Der fekk som venta Alexander Kristoff og dei andre spurtarane i feltet det tøft.
Evenepoel hadde mykje krefter opp mot målstreken, men fekk kamp om sigeren av det norske kjempetalentet Halland Johannessen. Uno-X-ryttaren nærma seg belgiaren mot målstreken, men nådde ikkje heilt fram.
– Det var nær. Litt kjedeleg å ikkje ta den siste der. Eg var bitte litt for langt bak då han (Evenepoel) gjekk. Vi får prøve igjen, sa Halland Johannessen til TV 2.
Han klarte ikkje glede seg over andreplassen. Ei heller tatt i betraktning at Evenepoel er ei av sykkelsportens aller største stjerner.
– Det er i det heile ikkje det eg tenkjer på når eg syklar. For meg er det same kven som vann, sa Halland Johannessen.

Les mer

RELATED ARTICLES

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

- Advertisment -

Most Popular

Recent Comments