tirsdag, mai 24, 2022
HjemNyheterSportFoss' lagkamerat tok etappesiger

Foss’ lagkamerat tok etappesiger


Koen Bouwman trakka først over målstreken på den 7. etappen i Giro d’Italia. Triumfen var kjærkomen for laget til Tobias Foss.
Sigeren var Bouwmans største hittil som sykkelproff. Han blei sleppt laus perfekt av lagkamerat Tom Dumoulin i ein bratt målbakke og gjorde resten av jobben sjølv.
Fredagens etappe var kupert med fleire kategoriserte stigningar på den italienske vestkysten. Han var 196 kilometer lang og gjekk frå Diamante til Potenza.
Med i underkant av tre mil igjen blei det gjort fleire angrepsforsøk i frontgruppa. I tur og orden støytte Dumoulin, Mollema og Davide Formolo, men ingen greidde å køyre solo.
Tobias Foss er Noregs einaste norske innslag i årets Giro d’Italia. Han kom inn med hovudfeltet.
Giroen held fram laurdag med nok ein kupert etappe på 156 kilometer i og rundt Napoli. Rittet skal avsluttast i Verona 29. mai.

Les mer

RELATED ARTICLES

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

- Advertisment -

Most Popular

Recent Comments