tirsdag, januar 25, 2022
HjemNyheterSportRegjeringa planlegg for Kina-tur

Regjeringa planlegg for Kina-tur


Regjeringa sine planar om å vere til stades under OL og Paralympics i Beijing har ikkje endra seg trass i oppblussinga av koronasmitte.
– Dersom pandemiavgrensingane ikkje blir så strenge at det ikkje er naturleg å reise, planlegg regjeringa å vere til stades både under OL og paralympiske leikar i Beijing, opplyser kommunikasjonsrådgivar Guri Solberg i regjeringa til NTB.
Til Paralympics er det kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) som reiser. Det er førebels ikkje klart kva statsråd som reiser til OL.
Måndag vart det klart at regjeringa i Sverige ikkje reiser til Kina. Årsaka er koronapandemien, ikkje diplomat-boikott.
Tidlegare har land som Japan, USA, Australia, Storbritannia og Canada varsla diplomatisk boikott av leikane. Dei vil ikkje sende offisielle representantar til Kina.

Les mer

RELATED ARTICLES

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

- Advertisment -

Most Popular

Recent Comments