lørdag, januar 22, 2022
HjemNyheterSportNFFs gullball til Hansen og Haaland

NFFs gullball til Hansen og Haaland


Erling Braut Haaland og Caroline Graham Hansen blei onsdag for andre år på rad kåra til Noregs beste mannlege og kvinnelege fotballspelar.
– Mange norske fotballspelarar presterte på høgt nivå i 2021. Likevel behøvde juryen svært kort tid på å peke ut kva for to spelarar på høvesvis kvinne- og herresida som tronet øvst, seier juryleiar Lise Klaveness.
Borussia Dortmund-stjerna Haaland blei toppscorar i meisterligaen førre sesong, og hamna på 11.-plass i France Footballs Ballon d’Or-kåring i november.
Graham Hansen vant på sin side alt ho kunne vinne med Barcelona, både meisterligaen, serien og cupen i Spania. Ho har også markert seg positivt for Noreg i VM-kvalifiseringa.
Graham Hansen innkasserer sin tredje gullball, mens Haaland har vunne to gonger.
De andre nominerte til årets priser var Martin Ødegaard (Arsenal), Patrick Berg (Bodø/Glimt), Frida Maanum (Arsenal) og Guro Reiten (Chelsea).

Les mer

RELATED ARTICLES

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

- Advertisment -

Most Popular

Recent Comments