mandag, november 29, 2021
HjemNyheterSportZuccarello usikker for landslaget

Zuccarello usikker for landslaget


Mats Zuccarello vet ikkje om det blir meir Noreg-spel i framtida.
I august var Zuccarello endeleg tilgjengeleg igjen for ishockeylandslaget. Målet var å hjelpe Noreg til Beijing-OL i februar, men draumen brast med tapet for Danmark i gruppefinalen i kvalifiseringa.
Sjølv gir han ikkje eit tydeleg svar på om han held fram.
– Vi får sjå om kroppen held. Ein blir eldre, og det er lange sesongar. Spesielt denne sesongen her med OL-pause og kampar nesten annankvar dag i tre månader i strekk, sa Zuccarello til NTB etter Minnesota Wilds seier borte mot New Jersey i NHL onsdag.
Svaret kom på et spørsmål om han ville vere klar for Noreg dersom det likevel skulle bli OL-spel på nyåret. Det er framleis ikkje 100 prosent avklart om vertsnasjon Kina får delta. Skulle kinesarane miste plassen, går den til det norske laget.

Les mer

RELATED ARTICLES

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

- Advertisment -

Most Popular

Recent Comments