onsdag, desember 1, 2021
HjemNyheterSportAfrika truleg med på FIFAs VM-plan

Afrika truleg med på FIFAs VM-plan


Det afrikanske fotballforbundet (CAF) kjem i dag truleg til å støtte FIFA-forslaget om å ha fotball-VM annakvart år.
Ifølgje nyheitsbyrået Reuters kjem forslaget til å få stort fleirtal på CAFs ekstraordinære kongress i Kairo. CAF-president Patrice Motsepe går sterkt inn for forslaget.
– Det vil hjelpe til med å betre fotballen i utviklingsland, sa Motsepe nyleg.
Han går inn for forslaget, sjølv om det kan gå ut over Afrika-meisterskapet, der 80 prosent av inntektene til CAF i dag kjem frå. Afrika-meisterskapet blir arrangert annakvart år.
Forslaget om VM annakvart år, mot kvart fjerde år hittil, har møtt sterk motstand frå Europa og Sør-Amerika.
CAF har 54 medlemsland, som også skal røyste når FIFA-kongressen skal avgjere sprøsmålet.
CAF-kongressen vil venteleg også vedta ein afrikansk superliga med dei beste laga på kontinentet. Opplegget liknar på superliga-planene som under mykje støy blei skrinlagde i Europa tidlegare i år.

Les mer

Forrige artikkelE6 stengt ved Skedsmo
Neste artikkelReduserer prisen på SFO
RELATED ARTICLES

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

- Advertisment -

Most Popular

Recent Comments