torsdag, desember 2, 2021
HjemNyheterSport- Ikkje forny avtale med Qatar

– Ikkje forny avtale med Qatar


Ei gruppe Bayern München-supporterar ber den tyske storklubben om ikkje å fornye sponsoravtalen med flyselskapet Qatar Airways.
Bayern München signerte ein femårsavtale med det statseigde flyselskapet frå Qatar i 2018. Avtalen er ifølgje tyske medium verd rundt 200 millionar kroner i året.
– Vi ønskjer førebyggjande tiltak for å unngå ei fornying av kontrakten. Qatar er skuldig i massive brot på menneskerettane, og det er mange skuldingar om korrupsjon, seier Michael Ott.
Supporterane bad ein domstol om at avtalen skulle setjast på dagsordenen på generalforsamlinga, men vart ikkje høyrde.
Ifølgje storavisa Bilde har fleire Bayern-stjerner, inkludert kaptein Manuel Neuer, bede klubben om å ikkje fornye sponsoravtalen.
Qatar avviser påstandane om korrupsjon og brot på menneskerettane.

Les mer

RELATED ARTICLES

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

- Advertisment -

Most Popular

Recent Comments