onsdag, desember 1, 2021
HjemNyheterSportBundesliga: Nei til Covid-pause

Bundesliga: Nei til Covid-pause


Den tyske Bundesligaen (DFL) seier nei til å stoppe kampane sjølv om det er mykje og aukande korona-smitte i landet.
Presidenten i 2.-bundesligaklubben Erzgebirge Aue, Helge Leonhardt, har foreslått å ta pause i ligaspelet ei stund.
– Fotballen skal vere ein rollemodell og setje tryggleiken først, og redusere risikoen for infeksjonar, og lette på presset på det tyske helsevesenet, seier Leonhard.
Men ligaleiinga seier nei. Tyske styresmakter har ikkje tilrådd noko slikt, og ligaen vil derfor ikkje gjere det.
– Ei sjølvpålagd nedstenging i form av å bryte av sesongen, er uaktuelt, seier DFL.
Smittetala er på veg oppover i Tyskland, og talet på døde under pandemien nærmar seg 100.000.

Les mer

RELATED ARTICLES

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

- Advertisment -

Most Popular

Recent Comments