torsdag, september 16, 2021
HjemNyheterSportDobbel Lewandowski i Bayern-triumf

Dobbel Lewandowski i Bayern-triumf


Bayern München spela kontrollert og trygt, og slo Barcelona så klart som 3-0 på Camp Nou i den katalanske storbyen.
Robert Lewandowski scora dei to siste måla – begge då han var på rett plass til rett tid på retur etter stolpeskot. Polakken har dermed scora i 16 kampar på rad for Bayern.
Men før det hadde Thomas Müller gitt Bayern 1-0 via ryggen på ein Barcelona-spelar. Det sette keeper Marc-Andre ter Stegen heilt ut av spel, og Bayern leia 1-0 ved pause.
ter Stegen spela ein god kamp, og sytte for at tapet for det tidlegare nærmast uslåelege laget ikkje blei endå større. Bayern hadde full kontroll i heile kampen.
Dermed har det tyskle meisterlaget fått ein perfekt start på gruppespelet. Ikkje minst fordi Dynamo Kiev og Benfica spela 0-0 i den andre kampen i gruppa.

Les mer

RELATED ARTICLES

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

- Advertisment -

Most Popular

Recent Comments