fredag, september 24, 2021
HjemNyheterSportTre mål på seks minutt gav siger

Tre mål på seks minutt gav siger


Everton låg under og sleit mot eit bastant Burnley-forsvar heime på Goodison Park. Men tre mål i løpet av seks minutt gav siger på 3-1.
Første omgang blei sjansefattig, men Ben Mee feira sin Premier League-kamp nummer 200 med å gi Burnley leiinga etter 53 minutt.
Det fekk fart i heimelaget. Michael Keane utlikna etter 60 minutt, og i det 65. og 66. plussa Andros Townsend og Demarai Gray på to til.
Laga fekk kvart sitt mål underkjent i den underhaldande andreomgangen.
Med sigeren går Everton opp på fjerdeplass med 10 poeng etter fire kampar. Det har også Manchester United, Chelsea og Liverpool, som ligg føre Everton på målskilnaden.

Les mer

RELATED ARTICLES

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

- Advertisment -

Most Popular

Recent Comments