mandag, september 20, 2021
HjemNyheterKvifor orkar eg å engasjere meg i politikken?

Kvifor orkar eg å engasjere meg i politikken?

Kvifor orkar eg å engasjere meg i politikken?


Mange unge politikarar kjem inn under «broiler»-paraplyen. Nyutdanna, og gjerne godt skulert internt i ungdomspartiet. Kunnskapsrike og retorisk flinke. Og det treng Noreg.

Unge, engasjerte eldsjeler som påverkar politikken, og er med på eit nødvendig generasjonsskifte i politikken.

Men det er også noko som eg saknar: Den heilt vanlege, gjennomsnittlege og enkle typen som ser på politiske problemstillingar med eit anna blikk enn den akademiske vinklinga.

Klikk her for å abonnere på nyhetsbrev fra Norsk debatt

Born og unge si sak inn mot «gubbane» i kommunestyret

Eg vart tidleg engasjert, som 13-åring vart eg valt inn i ungdomsrådet i Volda, der eg vart verande i seks år. Å snakke unge si sak, og snu opp-ned på spørsmål og gi innspel på saker frå nye vinklar var vel den viktigaste lærdomen eg fekk med meg frå tida i ungdomsrådet. Å tale born og unge si sak inn mot «gubbane» i kommunestyret var første prioritet. Det viktigaste var at ting vart gjort, ikkje kven som gjorde det.

Tilfeldigheitene førte meg inn i partipolitikken. Eg vart spurd i 2015 om eg ville stå på liste for KrF i Volda.

Eg takka ja, og enda opp som den yngste kommunestyrerepresentanten i perioda 2015-2019.

Men eg har tenkt og tygd litt på det: Ikkje hadde eg utmerka meg politisk. Ikkje var eg eit spesielt retorisk talent, heller ikkje utdanning etter vidaregåande. Ein heilt vanleg småbarnsfar, og inngrodd bygdis. Om noko så låg eg, og er fortsatt, godt på minussida på «broilerskalaen».

Men gjennom først ei periode i kommunestyret, så inn i mi andre periode, for å ikkje snakke om eit stadig større engasjement gjennom ungdomspartiet KrFU, med tillitsverv som fylkesleiar og møte med utruleg kjekke og dyktige talent, oppdaga eg at sjølv eg kunne kome med idear og innspel i politikken.

Les også: Hvorfor føler de etablerte partiene et så stort behov for å rakke ned på og delegitimere et helt nytt politisk parti?

For det viser seg at sjølv eg, som ein nokså jordnær og enkel kar, kan ha sine styrker, også i politikken.

Å vere sunnmøring er ein fordel, ettersom eg kan vere «litt» tverrpeis av natur.

Ja, for eg spør, og spør gjerne enda meir, om eg ikkje er nøgd med svara eg får.

«Kvifor?», «korleis?», «kan vi gjere noko annleis?», «kva med dette?». Til nokon si store fortviling kan eg vere eit gnagsår på sakar som blir argumentert med heller tynn suppe.

Så her er eg. Ein skummelt vanleg kar som har rota seg grundig inn i politikken. Skilt åleinefar, industriarbeidar på tiende året, med litt for mange meiningar og alt for lite tid.

Likevel engasjerer eg meg i politikken. Både fordi eg syns det er interessant og gøy, men også fordi eg ser behovet for ein litt meir jordnær og praktisk tilnærming i politiske spørsmål.

At eg enda opp i det partiet eg er mest einig med er ein ekstra bonus

Eg vert berre meir og meir engasjert i politikken, både fordi eg får meir kjennskap til KrF sin eigen politikk, og fordi eg ser at det gir resultat. At ein ilag med andre eldsjeler med glødande samfunnsengasjement, i alle parti, kan påverke samfunnet og politikken.

At eg i tillegg enda opp i det partiet som eg er mest einig med (og stort sett minst ueinig med) er ein ekstra bonus.

Les mer fra Norsk debatt her

For eg hadde ikkje fått det same engasjementet om eg ikkje hadde sett fokuset KrF har på praktisk politikk, som gjer ein forskjell, både for industri, næringsliv, familiar, born, klima og miljø, og ikkje minst internasjonalt, gjennom samarbeid for å gjere livet betre for dei som ikkje er like heldige som oss.

Eg håpar at du gir di røyst den 13. september til dei kandidatane du syns jobbar for dine hjartesakar, og som du ser har eit glødande samfunnsengasjement.

Godt val!

Les hele saken
Author:

RELATED ARTICLES

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

- Advertisment -

Most Popular

Recent Comments