tirsdag, september 21, 2021
HjemNyheterSportKlatra 127 plassar

Klatra 127 plassar


Tennissensasjonen Emma Raducanu (18) klatrar heile 127 hakk til 23.-plassen på WTAs ferske verdsranking.
Bakgrunnen for det solide løftet er naturlegvis den imponerande sigeren til tenåringen i Grand Slam-turneringa US Open.
Raducanu kvalifiserte seg inn til turneringa og tok seg heile vegen til eit finalemøte mot ei anna ung overraskingskvinne, canadiske Leylah Fernandez (19).
Raducanu starta 2021 heilt nede på 345.-plass på verdsrankinga, men løfta seg til 179.-plass ved å ta seg til 4. runde i Wimbledon i juli. Ho gjekk inn i US Open som 150.-rangert i verda.
Australske Ashleigh Barty toppar framleis WTA-rankinga trass eit skuffande US Open.

Les mer

RELATED ARTICLES

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

- Advertisment -

Most Popular

Recent Comments