tirsdag, juli 27, 2021
HjemNyheterSportFjerna det kviterussiske flagget

Fjerna det kviterussiske flagget

Arrangørane av ishockey-VM i Latvia fjerna måndag det kviterussiske flagget i Riga. Det skal ifølgje nyheitsbyrået TT ha vorte erstatta med flagget til opposisjonen i landet.
Årsaka er at eit Ryanair-fly nyleg vart tvinga til å lande i Minsk. Om bord var den regimekritiske journalisten Roman Protasevitsj, som blei arestert.
Det har skapt bråk.
Avgjerda skal ha vorte teke av borgarmeisteren i Riga i samråd med utanriksministeren, men møter motstand hos Det internasjonale ishockeyforbundet (IHF).
«IHF er ikkje einig i grepa som i går vart tekne om å bruke flagget til ein deltakande nasjon i ishockey-VM til å sende ein politisk beskjed», seier forbundet.
IHF opplyser at dei no har bede borgarmeisteren om at også VM-flagget og det offisielle IIHF-flagget umiddelbart blir fjerna frå området i hovudstaden der flagget til deltakarnasjonane blir vist.
I grunngivinga blir det vist til at IHF er ein ikkje-politisk idrettsorganisasjon.

RELATED ARTICLES

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

- Advertisment -

Most Popular

Recent Comments